Det går mot haust, og i den anledning er fellestreningar gull verdt.
I aktivitetskalendaren er det sett opp fire fellestreningar kun for damer. Dette er ein unik anledning til å samle damene og bli kjent med nye og gamle medlemmar i Varegg. Fokuset på treningane er tenkt å vere intervallar av det litt kortare slaget – eit friskt pust i vintertreninga som passar for alle.
Treningane er open for alle, jo fleire jo betre. Ta difor gjerne med ei veninne om du kjennar nokon som kunne tenke seg å begynne i Varegg.
