Den 13. utgaven av Andersens Adventløp er unnagjort og oppsummert. Kraftig forbedring av jentenes løyperekord, mange forfriskende nappetak og ellers gladstemning i gangen i Badstuen etter løpet. Vår gode løpervenn og Kondis-kraft Oddny Ringheim dro hjem med inspirasjon til å skrive et hyggelig etterord:
Under den helgemorgonøkta som alltid føregår i horisontalen og som heiter "kva skal vi finna på slags trening i dag", dukka invitasjonen til Varegg sitt faste Andersens Adventsløp opp på fjesboka. Sikkert for seint å komma seg til by'n i tide, tenkte eg, med Varegg sine løp er alltid så koselege, å springa i Fjellveien er alltid like flott, og i staden for startkontingent vart det oppmoda om ei gåve til Kirkens Bymisjon. Slike løp likar eg. Og slike klubbar likar eg. At ikkje alt dreiar seg om å vinne, og alle pengar ikkje går til dei som berre tenkjer på å bli best.
Og starten gjekk ikkje før tre, så det skulle gå greitt. På med antrekket, fram med "konkurransesko" og susa til by'n. Forbi Lagunen gjekk det greitt, men valde vekk Fløyfjellstunnelen og vart velsigna med noko som kjendest som "ti tusen røde julelys" eller noko liknande poetisk gjennom lyskryssa i Bergen by. Berre ein hadde hatt litt betre tid. Parkerte ved klubbhuset to minutt før start og kom til startstreken med tunga langt ned på joggejakka 10 sekund før konkurranseklassen starta, når Johs Gjesdal var ferdig med å fortelja kvar løypa gjekk. http://connect.garmin....
Rett før hadde det komme ei god snø-og haglbye, men veret under løpet var fint, og det var fine, duse fargar på desemberhimmelen. Verkeleg koseleg. Og at eg kom meg forbi ein løpar, så eg ikkje var heilt sist. Det var endå meir koseleg. Nestemann hadde eg i sikte heilt til me skulle nedatt frå Skansemyren, der vart eg for pysete på snøføret og mista han av syne. Etter løpet kom sistemann med handa og gratulerte-på sin måte. Den eignar seg ikkje på trykk. Konkurranseskoa viste seg å vera heilt ueigna på grus, det var eit tomrom under kvar hæl der ein litt stor stein akkurat passa inn. No er eg tilbake på sofaen og må finna ut kva slags trening eg skal ta i morgon.
Bilder og mer om Andersens Adventløp: https://www.facebook.c...

