Treningsamling Slovenia

Grytidlig om morgonen hadde 21 trøtte tryne møtt fram på Flesland. Datoen var 28 mars, og det var klart for årets vinterferie-samling. Turen gjekk til Slovenia, karst-formasjonens heimland. Me var 15 frå varegg, pluss ei handfull frå andre Bergensklubbar. Alle var me lei av snø og vinter, og klar for lettløpt terreng
Terreng av ypperste klasse. Kanskje til og med bedre enn Njåskogen?

Etter langt om lenge, og opp til fleire flyavgangar kom ein samla gjeng fram til Marco Polo flyplass utanfor Venezia. No stod kunn ein kort kjøretur mellom oss, og krem-terreng. På vegen vart det også mogligheit for å springa sprintløp.

Det var eit tett og ambisiøst program som i all hemmelegheit var blitt konstruert av Slava og Jan. To økter om dagen og fast oppsette måltider, satt høge krav til disiplin. Her fram stod Petter og Jonatan som to lys i mørket. Mens dei fleste kom sjanglande både 5 og 10min for seint, viste desse to kirurgspresisjon når det gjaldt og komme presist.
Som på ein kvar god Varegg samling, var det også denne gongen lagt opp til konkurranse. Det skulle konkurrerast i både mellom, lang, sprint og stafett.
Først ut var mellomdistanse. I god Varegg ånd skjedde det mykje rart under konkuransen. Som ei flokk våryre kalvar, sprang me av garde. Fleire utan å bruka verken kart eller kompass. I målområdet blei ein møtt av blanda stemning. Nokon var bra nøgd, mens andre hadde meir og jobba med vidare vart det konkurrert i både sprint og langdistanse, med betydelig betre utfall en på mellom. Både krevjande sprint, og svinaktig langdistanse blei beherska. Noko bom blei det, men det er difor me reiser på samling. Den største overraskinga kom kanskje frå ein rutinert svenske, som på nesten uhøfleg vis leikte seg til topp plasseringar, framføre gjennomtrente seniorar og lettbeinte juniorar. I stor skam blei tidligare bautasteinar som Petter og Oskar skubbet nedover resultatlista.

Nokon meir nøgd enn andre

Folkedans frå Bønes?
Det blei som sagt også arrangert stafett. Ein konkurranse som innehaldt fart spenning og mykje moro. Trøtte bein blei kompensert med «presis» orientering. Det blei løpt fort og det blei løpt bra. Resultatlista derimot var det større usikkerheit rundt. Overraskande nok var det ikkje så mange som brydde seg, me hadde hatt det moro og det var det viktigaste.
På kvelden var det klart for nok ein uhøgtideleg konkurranse, nemlig ete konkurranse. Ungdomsløparane Kristian Fredrik og Kristian viste lovande takter innleiingsvis, men det er ikkje berre, berre å eta dessert med dei store. Dei måtte begge sjå seg slot av ein breikjefta samning. Det heile blei avrunda med bursdagsfeiring for den same samningen, som riktig nok har gebursdag i august.


Klar for samlingas viktigaste konkurranse
Til slutt var det berre å pakka saman treningskleda og reisa nordover igjen. På heimreisa opna det seg ein moglegheit for å vera turistar også. Då ei mellomlanding i Nederland gav 5 timar og slå i hel, var det mange som utnytta moglegheita til å spasera i Amsterdams gater. Det blei ei spanande og innhaldsrik veke i Slovenia.

Takk til Jan og Slava for ein god samling, med eit fyrsteklasses opplegg!

09.04.16