Hardanger viste seg frå si beste side under årets Kvasshovden Opp. Det gjorde òg Varegg som stilte med totalt 31 løpare i konkurranse- og mosjonsklassane.
Krumtappen Karl-Magnus Tobiassen har oppsummert fra NM-arrangementet i Ulvik: "Stian Angermund-Vik tok ein flott 2. plass. Han synest starten på dei flate partia gjekk altfor fort, her fekk vinnaren Johan Bugge ei luke. Eit stykke opp i fjellet innsåg Stian at han ikkje kom til å klare å tette denne luka. Han roa då litt ned og sprong inn til ein 2. plass utan å gå heilt i kjellaren.
Unge Erlend fekk løpet øydelagt med eit stygt fall i starten. Han sprong på ein fotograf som satt på huk midt i løypa 10meter etter start. Ein forslått Erlend viste styrke og fullførte likevel løpet.
Etter løpet var det avgårde til ein noko langdryg premieutdeling. Først seperat premieutdeling for NM, deretter for Kvasshovden Opp og til slutt for motbakke-cupen ettersom dette var siste løp i den. For å få premie i NM må man vera tilslutta ein offisiell klubb. Dette skapte litt moro då skøyeren Henrik Angermund skulle få sin NM-medalje i klassen M35-39. Henrik trudde han kom på 2. plass og stillte seg på trinn to på pallen. Etter litt om og men vart han jaga opp på øvste trinn og mottok, til si store overrasking, NM-gull som vinnar av klassen M35-39.
Elles vart Varregs medaljefangst som følger:
Bilder fra løpet finner du her: https://www.facebook.c...

Ny storflott markering av Varegg i motbakkemiljøet - #bedresammen

Ekstra gratulasjoner til unge og fremadstormende Per-Christian Grieg - seier i klasse M16-17